Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 31:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Vend øyret til meg,skund deg og redd meg!Ver meg eit vern og eit berg,ei borg til frelse!

4. Du er mitt fjell og mi borg;for ditt namn skuld fører og leier du meg.

5. Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!For du er mi tilflukt.

6. I dine hender gjev eg mi ånd,du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

7. Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.Sjølv set eg mi lit til Herren.

8. Eg vil jubla av glede over di miskunnfordi du har sett mi naud,du kjenner mi trengsle.

9. Du gav meg ikkje over i handa til fienden,men førte meg ut i ope land.

10. Ver meg nådig, Herre,for eg er i naud.Auget sløvest av bitter sorg,pust og kropp svinn bort.

11. Livet mitt endar i sorg,åra mine i klage.Min styrke sviktarpå grunn av mi skuld,beina i kroppen svinn.

12. Eg blir til spott for fienden,til hån for grannane,ei redsle for dei som kjenner meg,dei som ser meg på gata, vik unna.

13. Som ein død er eg gløymd av menneske,lik eit kar som er kasta bort.

14. For eg høyrer mange som kviskrar– å, redsle på alle kantar! –når dei samlar seg mot megog legg planar om å ta mitt liv.

Les hele kapitlet Salmane 31