Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 31:19-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Lat lygande lepper tagna,dei som talar frekt mot den rettferdigemed hovmod og forakt.

20. Kor stor di miskunn er,som du har spart til dei som fryktar deg!Rett framfor menneske har du vist di miskunnmot dei som søkjer tilflukt hos deg.

21. Hos deg finn dei vernmot overgrep frå menneske.Du gøymer dei i di hyttefor tunger som kjem med klagemål.

22. Velsigna er Herren som gjer under!Han viste meg miskunn i ein kringsett by.

23. Eg sa i min angst:«Eg er støytt bort frå dine auge.»Men du høyrde mi bøndå eg ropa til deg.

24. Elsk Herren, alle hans trugne! Herren vernar dei trufaste,men den hovmodige gjev han att i fullt mål.

25. Ver modige og sterke,alle de som ventar på Herren!

Les hele kapitlet Salmane 31