Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 31:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,lat meg aldri bli til skamme!Fri meg ut i di rettferd!

3. Vend øyret til meg,skund deg og redd meg!Ver meg eit vern og eit berg,ei borg til frelse!

4. Du er mitt fjell og mi borg;for ditt namn skuld fører og leier du meg.

5. Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!For du er mi tilflukt.

6. I dine hender gjev eg mi ånd,du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

7. Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.Sjølv set eg mi lit til Herren.

Les hele kapitlet Salmane 31