Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 25:9-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Han lèt dei hjelpelause ferdast rettog lærer dei sin veg.Kaf כ

10. Alle Herrens stigar er miskunn og truskapmot dei som held hans pakt og hans bod.Lamed ל

11. For ditt namn skuld, Herre,tilgjev mi synd, for ho er stor!Mem מ

12. Kvar den som fryktar Herren,lærer av han den veg han skal velja.Nun נ

13. Sjølv skal han leva i lukke,og ætta hans skal arva landet.Samek ס

14. Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,han gjer dei kjende med si pakt.Ajin ע

15. Mine auge er alltid vende mot Herren,for han dreg mine føter ut or garnet.Pe פ

16. Vend deg til meg og ver meg nådig,for eg er einsam og hjelpelaus.Tsade צ

17. Ta bort det som tyngjer mitt hjarte,før meg ut av mine trengsler!

18. Sjå mi naud og mitt strevog tilgjev all mi synd!Resj ר

19. Sjå mine fiendar, kor mange dei er!Dei hatar meg med eit nådelaust hat.Sjin ש

20. Vern mitt liv og berg meg,lat meg ikkje bli til skamme,for eg søkjer tilflukt hos deg.Taw ת

21. Lat uskuld og rettsinn verna meg,for eg set mi von til deg!

22. Gud, fri Israel utfrå alle deira trengsler!

Les hele kapitlet Salmane 25