Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 25:6-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,som er frå evig tid.Het ח

7. Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder!Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god.Tet ט

8. Herren er god og rettvis,difor viser han syndarar vegen.Jod י

9. Han lèt dei hjelpelause ferdast rettog lærer dei sin veg.Kaf כ

10. Alle Herrens stigar er miskunn og truskapmot dei som held hans pakt og hans bod.Lamed ל

11. For ditt namn skuld, Herre,tilgjev mi synd, for ho er stor!Mem מ

12. Kvar den som fryktar Herren,lærer av han den veg han skal velja.Nun נ

13. Sjølv skal han leva i lukke,og ætta hans skal arva landet.Samek ס

14. Herren talar fortruleg med dei som fryktar han,han gjer dei kjende med si pakt.Ajin ע

Les hele kapitlet Salmane 25