1. Av David.Alef א Herre, eg lyfter mi sjel til deg.Bet ב
2. Min Gud, til deg set eg mi lit.Lat meg ikkje bli til skamme,lat ikkje fienden fryda seg over meg!Gimel ג
3. For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme,til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender.Dalet ד
4. Herre, lat meg kjenna dine vegar.Lær meg dine stigar!He ה
5. Lat meg få vandra i di sanning,lær meg, for du er Gud, min frelsar!Til deg set eg alltid mi von.Zajin ז
6. Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik,som er frå evig tid.Het ח