Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 22:4-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Men du er Den heilage,som tronar over Israels lovsong.

5. Til deg sette fedrane si lit,dei leit på deg, og du fria dei ut.

6. Dei ropa til deg og vart berga,dei leit på deg og vart ikkje til skamme.

7. Men eg er ein makk og ikkje ein mann,spotta av menneske, forakta av folk.

8. Alle som ser meg, håner meg,vrengjer leppene og rister på hovudet:

9. «Han har gjeve seg over til Herren,lat han fria han ut og berga han,han har då glede i han!»

10. Du drog meg fram frå mors liv,du gjorde meg trygg ved hennar bryst.

11. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,frå mors liv er du min Gud.

12. Ver ikkje langt borte frå meg,for trengsla er nær,og det finst ingen som hjelper.

13. Store oksar samlar seg om meg,stutar frå Basan flokkar seg rundt meg.

14. Dei spilar opp gapet mot meglik ei løve som brøler og riv sund.

15. Eg renn bort som vatn,alle mine bein har losna.Hjartet er som voks, det smeltar inni meg.

16. Munnen er tørr som eit potteskar,tunga er klistra til ganen.Du legg meg ned i dødens støv.

Les hele kapitlet Salmane 22