Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 22:23-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Eg vil fortelja mine brør om ditt namn.Midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

24. De som fryktar Herren, lov han!Heile Jakobs ætt, gjev han ære!Ha age for han, heile Israels ætt!

25. For han har ikkje forakta den som er hjelpelaus,og ikkje vendt ryggen til den som lid.Han løynde ikkje andletet,men høyrde då han ropa om hjelp.

26. I den store forsamlinga kjem min lovsong frå deg.Mine lovnader vil eg halda mellom dei som fryktar han.

27. Dei hjelpelause skal eta og bli mette,dei som søkjer Herren, skal lova han.Måtte hjartet deira alltid leva!

28. Heile jorda skal minnast detteog venda om til Herren.Alle folk og slekter skal tilbe han.

29. For kongeveldet høyrer Herren til,han herskar over folka.

30. Alle mektige på jord skal tilbe han,alle som stig ned i støvet,skal bøya kne for hans andlet.Men eg lever for han.

31. Mi ætt skal tena han.Dei skal fortelja om Herren til komande slekter

32. og kunngjera for eit folk som skal fødast,at han har vist si rettferd.

Les hele kapitlet Salmane 22