Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 137:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ved elvane i Babel sat vi og gretnår vi tenkte på Sion.

2. Vi hengde lyreneopp i piletrea.

3. Dei som tok oss til fange, bad oss om song,dei som bortførte oss, bad om glede:«Syng ein av Sions songar for oss!»

4. Korleis kan vi syngja Herrens songarpå framand jord?

5. Gløymer eg deg, Jerusalem,så lat mi høgre hand bli gløymd!

6. Lat tunga klistra seg til ganenom eg ikkje tenkjer på deg,om eg ikkje set Jerusalemhøgare enn mi største glede!

Les hele kapitlet Salmane 137