Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 135:7-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Han lèt skyer gå opp frå enden av jorda,han lagar lyn og regnog lèt vinden sleppa ut frå sine forrådskammer.

8. Han slo dei førstefødde i Egypt,både menneske og dyr.

9. Han sende teikn og undermot deg, Egypt,mot farao og alle hans tenarar.

10. Han slo mange folkeslagog drap mektige kongar:

11. amorittkongen Sihon,kong Og i Basan,og alle kongerike i Kanaan.

12. Han gav landet deira til eigedom,til eigedom for Israel, sitt folk.

13. Herren er ditt namn til evig tid, Herren skal du kallast frå slekt til slekt.

14. For Herren vil skaffa folket sitt rettog ha medkjensle med sine tenarar.

15. Gudebileta til folka er sølv og gull,menneskehender har laga dei.

16. Dei har munn, men kan ikkje tala,dei har auge, men kan ikkje sjå.

17. Dei har øyre, men kan ikkje høyra,det er ikkje ande i deira munn.

18. Slik blir også dei som lagar dei,og alle som set si lit til dei.

19. Velsign Herren, Israels hus!Velsign Herren, Arons hus!

20. Velsign Herren, Levis hus!Velsign Herren, de som fryktar han.

21. Velsigna er Herren frå Sion,han som bur i Jerusalem.Halleluja!

Les hele kapitlet Salmane 135