Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 132:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,du og paktkista, som er din styrke.

9. Prestane dine skal kle seg i rettferd,dine trugne skal ropa av fryd.

10. For David, din tenar skuld,vis ikkje frå deg den du har salva!

11. Herren har svore til Davideit påliteleg ord han ikkje går frå:«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.

12. Dersom sønene dine held mi paktog den lov eg vil læra dei,så skal sønene deira ògalltid sitja på di trone.»

13. For Herren har valt ut Sion,henne vil han ha til bustad:

14. «Dette er min kvilestad for all tid,her vil eg bu, for henne vil eg ha.

15. Maten hennar vil eg velsigna,dei fattige vil eg metta med brød,

16. prestane hennar kler eg i frelse,dei trugne skal ropa av fryd.

17. Der lèt eg eit horn veksa fram for David,eg steller til ei lampe for den eg har salva.

18. Fienden vil eg kle i skam,men på han skal krona stråla.»

Les hele kapitlet Salmane 132