Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 132:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ein song til festreisene. Herre, kom i hug Davidog alt han heldt ut!

2. Han svor til Herren,gav Jakobs Mektige ein lovnad:

3. «Eg vil ikkje gå inn i huset mitt,ikkje leggja meg i senga,

4. ikkje unna meg blund på augaog ikkje la augneloka kvila

5. før eg har funne ein stad for Herren,ein bustad for Jakobs Mektige.»

6. Vi høyrde om paktkista i Efrata,vi fann henne på markene ved Jaar.

7. Lat oss gå inn i hans bustad,kasta oss ned for hans fotskammel!

8. Reis deg, Herre, og kom til din kvilestad,du og paktkista, som er din styrke.

9. Prestane dine skal kle seg i rettferd,dine trugne skal ropa av fryd.

10. For David, din tenar skuld,vis ikkje frå deg den du har salva!

11. Herren har svore til Davideit påliteleg ord han ikkje går frå:«Di livsfrukt vil eg setja på trona di.

12. Dersom sønene dine held mi paktog den lov eg vil læra dei,så skal sønene deira ògalltid sitja på di trone.»

13. For Herren har valt ut Sion,henne vil han ha til bustad:

Les hele kapitlet Salmane 132