Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 118:17-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Eg skal ikkje døy, men levaog fortelja om Herrens gjerningar.

18. Hardt har Herren tukta meg,men han overgav meg ikkje til døden.

19. Lat rettferds portar opp for meg,eg vil gå inn og prisa Herren!

20. Dette er Herrens port,her går dei rettferdige inn.

21. Eg prisar deg fordi du svara meg,du vart mi frelse.

22. Steinen som bygningsmennene vraka,har vorte hjørnestein.

23. Dette er Herrens eige verk,underfullt er det i våre auge.

24. Dette er dagen som Herren har gjort;lat oss jubla og gleda oss no!

25. Herre, frels! Herre, lat det lukkast!

26. Velsigna er han som kjem i Herrens namn!Vi velsignar dykk frå Herrens hus.

27. Herren er Gud, han lyser for oss.Bind festofferet til altarhorna med tau!

28. Du er min Gud, eg takkar deg,min Gud, eg opphøgjer deg.

29. Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.

Les hele kapitlet Salmane 118