Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 118:12-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Dei var omkring meg som bier.Dei slokna som eld i klunger,i Herrens namn slo eg dei tilbake.

13. Dei pressa meg hardt, eg heldt på å falla,men Herren hjelpte meg.

14. Herren er min styrke og min song,han har vorte mi frelse.

15. Høyr, det er jubel og sigersropi teltet til dei rettferdige! Herrens høgre hand gjer storverk,

16. Herrens høgre hand lyfter opp. Herrens høgre hand gjer storverk.

17. Eg skal ikkje døy, men levaog fortelja om Herrens gjerningar.

18. Hardt har Herren tukta meg,men han overgav meg ikkje til døden.

19. Lat rettferds portar opp for meg,eg vil gå inn og prisa Herren!

20. Dette er Herrens port,her går dei rettferdige inn.

21. Eg prisar deg fordi du svara meg,du vart mi frelse.

22. Steinen som bygningsmennene vraka,har vorte hjørnestein.

23. Dette er Herrens eige verk,underfullt er det i våre auge.

Les hele kapitlet Salmane 118