Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 118:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn.

2. Israel skal seia:Evig varer hans miskunn.

3. Arons hus skal seia:Evig varer hans miskunn.

4. Dei som fryktar Herren, skal seia:Evig varer hans miskunn.

5. Eg var i trengsle og ropa til Herren,han svara og førte meg ut i ope land.

6. Herren er med meg, eg er ikkje redd.Kva kan menneske gjera meg?

7. Herren er med meg, han hjelper meg,eg kan sjå på dei som hatar meg.

8. Det er betre å søkja tilflukt hos Herrenenn å stola på menneske.

9. Det er betre å søkja tilflukt hos Herrenenn å stola på fyrstar.

10. Alle folkeslag omringa meg,i Herrens namn slo eg dei tilbake.

11. Dei var omkring meg på alle kantar,i Herrens namn slo eg dei tilbake.

12. Dei var omkring meg som bier.Dei slokna som eld i klunger,i Herrens namn slo eg dei tilbake.

13. Dei pressa meg hardt, eg heldt på å falla,men Herren hjelpte meg.

Les hele kapitlet Salmane 118