Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 116:6-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Herren vaktar dei uvitande,han kom meg til hjelp då eg var langt nede.

7. Kom til ro att, mi sjel, Herren har svara deg!

8. Ja, du har fria mitt liv frå døden,auget frå tårer og foten frå å snubla.

9. Eg skal ferdast for Herrens andleti landet til dei levande.

10. Eg trudde, også då eg sa:«Eg er hardt plaga.»

11. Eg sa i min angst:«Alle menneske lyg.»

12. Kva kan eg gje Herren attfor alt det gode han gjer?

13. Eg lyfter frelses begerog kallar på Herrens namn.

14. Eg oppfyller mine lovnader til Herrenframfor heile hans folk.

15. Det kostar Herren mykjeat hans trugne døyr.

16. Å, Herre, eg er din tenar,ein tenar og son til di tenestekvinne.Du har løyst mine lenkjer.

17. Eg slaktar takkoffer til degog kallar på Herrens namn.

Les hele kapitlet Salmane 116