Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 116:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Eg elskar Herren,for han høyrde mitt rop om nåde.

2. Han vende øyret til meg,eg vil kalla på han alle mine dagar.

3. Dødens band snørte seg om meg,redsler frå dødsriket nådde meg,eg fann berre naud og sorg.

4. Då kalla eg på Herrens namn:«Å, Herre, berg livet mitt!»

5. Herren er nådig og rettferdig,vår Gud er mild.

6. Herren vaktar dei uvitande,han kom meg til hjelp då eg var langt nede.

Les hele kapitlet Salmane 116