Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 102:22-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Herrens namn skal forkynnast i Sion,hans lov og pris i Jerusalem

23. når folk og kongerike samlar segfor å tena Herren.

24. Han har brote ned min styrke på vegenog forkorta livet mitt.

25. Eg seier: Min Gud, ta meg ikkje bort midt i livet!Dine år varer i slekt etter slekt.

26. Du grunnla jorda i gammal tid,himmelen er eit verk av dine hender.

27. Dei skal gå til grunne, men du blir verande.Dei blir slitne ut som klede,du skifter dei ut, og dei er borte.

28. Men du er den same,åra dine tek aldri slutt.

29. Borna til tenarane dine skal slå seg til ro,deira ætt skal vera grunnfest for ditt andlet.

Les hele kapitlet Salmane 102