Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Salmane 102:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei bøn for den hjelpelause når han veiknar og vil ausa ut si klage for Herren.

2. Herre, høyr mi bøn,lat mitt rop nå fram til deg!

3. Løyn ikkje andletet når eg er i naud.Vend øyret til meg,skund deg, svar når eg ropar!

4. For dagane mine kverv som røyk,knoklane brenn som eld.

5. Hjartet er som gras, solsvidd og visna,eg har gløymt å eta mitt brød.

6. Eg sukkar og stønnar,eg er berre skinn og bein.

7. Eg liknar pelikanen i ørkenen,eg er som ei ugle blant ruinar.

8. Eg ligg vaken,eg er som ein einsleg fugl på taket.

9. Fienden spottar meg heile dagen.Dei som gjer narr av meg,bruker namnet mitt til forbanning.

Les hele kapitlet Salmane 102