Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 30:12-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. ei slekt som er rein i eigne auge,men ikkje har vaska skiten av seg,

13. ei slekt med så stolte augeog lyfte augnebryn,

14. ei slekt med tenner som sverdog gap som knivar,dei vil eta dei hjelpelause ut av landetog dei fattige ut av folket.

15. Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».Det finst tre som ikkje blir mette,fire som aldri seier «det er nok»:

16. dødsriket og det lukka morslivet,jorda, som alltid tørstar etter vatn,og elden, som aldri seier: «Det er nok.»

17. Eit auge som spottar far sinog nektar å lyda mor si,det skal ramnane ved bekken hakka utog ørnungane eta opp.

18. Tre ting er for underfulle for meg,og fire skjønar eg ikkje:

19. ørns veg over himmelen,orms veg over berget,skips veg over havetog manns veg til ei ung kvinne.

20. Slik gjer ei utru kvinne:Ho et og tørkar seg om munnenog seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»

21. Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola:

22. ein tenar som blir konge,og ein dåre som får mat i overflod,

23. ei forakta kvinne som blir gift,og ei slavekvinne som trengjer husfrua si unna.

24. Fire små er det på jorda,endå er dei visast av dei vise:

25. Mauren er ikkje noko sterkt folk,endå legg han seg opp føde om sommaren.

26. Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk,endå byggjer han seg bustad i berget.

27. Grashoppene har ingen konge,endå rykkjer dei fram i formasjon.

28. Firfisla kan ein fanga med hendene,endå bur ho i kongens slott.

29. Tre går med stolte steg,fire har ei vakker gonge:

Les hele kapitlet Ordtaka 30