Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Femte samlinga

Agurs visdomsord

1. Ord av Agur, son til Jake. Til lærdom.Slik lyder mannens ord: Gud, eg er trøytt,Gud, eg er trøytt, eg greier ikkje meir.

2. Eg er dummare enn andre menn,eg har ikkje forstand som eit menneske.

3. Eg har ikkje lært visdomså eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.

4. Kven steig opp til himmelenog steig ned att?Kven samla vinden i si hole hand?Kven lukka vatnet inne i kappa si?Kven fastsette alle grensene for jorda?Kva heiter han, og kva heiter son hans?Veit du det?

5. Kvart ord frå Gud er reinsa.Han er eit skjold for deisom tek si tilflukt til han.

6. Legg ikkje noko til hans ord,elles går han i rette med degog du står der som løgnar.

7. To ting vil eg be deg om,nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:

8. Hald løgn og svik langt borte frå meg!Gjer meg korkje fattig eller rik,men lat meg få den maten eg treng!

9. Elles kunne eg bli så mettat eg fornekta deg og spurde:«Kven er Herren?»eller bli så fattig at eg stalog krenkte namnet til min Gud.

10. Baktal ikkje ein slave for herren hans,elles vil han forbanna deg,og du må bøta for di skuld.

11. Det finst ei slekt som forbannar far sinog ikkje velsignar mor si,

12. ei slekt som er rein i eigne auge,men ikkje har vaska skiten av seg,

13. ei slekt med så stolte augeog lyfte augnebryn,

14. ei slekt med tenner som sverdog gap som knivar,dei vil eta dei hjelpelause ut av landetog dei fattige ut av folket.

15. Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».Det finst tre som ikkje blir mette,fire som aldri seier «det er nok»:

16. dødsriket og det lukka morslivet,jorda, som alltid tørstar etter vatn,og elden, som aldri seier: «Det er nok.»

17. Eit auge som spottar far sinog nektar å lyda mor si,det skal ramnane ved bekken hakka utog ørnungane eta opp.

18. Tre ting er for underfulle for meg,og fire skjønar eg ikkje:

19. ørns veg over himmelen,orms veg over berget,skips veg over havetog manns veg til ei ung kvinne.

20. Slik gjer ei utru kvinne:Ho et og tørkar seg om munnenog seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»

21. Tre ting får jorda til å skjelva,og fire kan ho ikkje tola:

22. ein tenar som blir konge,og ein dåre som får mat i overflod,

23. ei forakta kvinne som blir gift,og ei slavekvinne som trengjer husfrua si unna.

24. Fire små er det på jorda,endå er dei visast av dei vise:

25. Mauren er ikkje noko sterkt folk,endå legg han seg opp føde om sommaren.

26. Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk,endå byggjer han seg bustad i berget.

27. Grashoppene har ingen konge,endå rykkjer dei fram i formasjon.

28. Firfisla kan ein fanga med hendene,endå bur ho i kongens slott.

29. Tre går med stolte steg,fire har ei vakker gonge:

30. løva, kjempa mellom dyra,som ikkje vik for nokon,

31. hanen som briskar seg,bukken først i flokkenog kongen i spissen for sin hær.

32. Har du vore dum og gjort deg storeller tenkt på det,så legg handa på munnen!

33. For trykk på mjølka gjev smør,trykk på nasen gjev blod,trykk på vreiden gjev strid.