Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 22:15-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Dumskap høyrer ungdomen til,riset kan oppdra og driva dumskapen bort.

16. Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik,og den som gjev gåver til rike,lid berre tap.

17. Legg øyret til og høyr orda frå dei vise,legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.

18. Det er godt å ta vare på dei i sitt indreog alltid ha dei på leppene.

19. For deg kunngjer eg dei i dag,så du kan setja di lit til Herren.

20. Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for degmed kloke råd

21. for å læra deg sanne og pålitelege ord,så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.

22. Ran ikkje den fattige fordi han er fattig,knus ikkje den hjelpelause i retten!

23. For Herren vil føra saka for deiog røva livet frå røvarane.

24. Ver ikkje ven med den hissige,slå ikkje lag med den bråsinte,

25. så du ikkje lærer deg hans vegarog set ei snare for ditt liv.

26. Ver ikkje blant dei som gjev sitt handslagog stiller kausjon for gjeld.

27. Om du ikkje har noko å betala med,tek dei endåtil senga du ligg på.

28. Flytt ikkje gamle grensesteinarsom fedrane dine har reist.

29. Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid?Han kan ta teneste hos kongarog skal ikkje tena hos småkårsfolk.

Les hele kapitlet Ordtaka 22