Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Godt namn er meir verdt enn stor rikdom,respekt er betre enn sølv og gull.

2. Rik og fattig møtest, Herren har skapt dei begge.

3. Den kløktige ser ulukka koma og gøymer seg,dei vitlause går på og får si straff.

4. Å vera audmjuk og frykta Herrengjev rikdom, ære og liv.

5. På vegen dei svikefulle går, er tornar og snarer,den som vil ta vare på livet, held seg borte frå dei.

6. Lær den unge vegen han skal gå,så vik han ikkje av når han blir gammal.

7. Den rike er herre over dei fattige,den som låner, blir slave under långjevaren.

8. Den som sår urett, haustar vondskap,riset han bruker i sinne, blir øydelagt.

9. Den som har auge for å gjera godt, blir velsigna,for han deler sitt brød med den fattige.

10. Jag spottaren ut, så går krangelen med,strid og skam får ein ende.

11. Den som elskar eit reint hjarteog har milde ord på leppene,får kongen til ven.

12. Herrens auge vaker over kunnskapen,men svikarens ord gjer han til inkjes.

13. Den late seier: «Det er ei løve der ute,eg kunne bli drepen midt på torget!»

14. Munnen til framand kvinne er ei djup grav,den Herren er harm på, fell nedi.

15. Dumskap høyrer ungdomen til,riset kan oppdra og driva dumskapen bort.

16. Den som undertrykkjer fattige for sjølv å bli rik,og den som gjev gåver til rike,lid berre tap.

Tredje samlinga

Ord frå dei vise

17. Legg øyret til og høyr orda frå dei vise,legg deg på hjartet den kunnskapen eg gjev.

18. Det er godt å ta vare på dei i sitt indreog alltid ha dei på leppene.

19. For deg kunngjer eg dei i dag,så du kan setja di lit til Herren.

20. Ja, eg har skrive opp tretti ordtak for degmed kloke råd

21. for å læra deg sanne og pålitelege ord,så du kan gje pålitelege svar til dei som har sendt deg.

22. Ran ikkje den fattige fordi han er fattig,knus ikkje den hjelpelause i retten!

23. For Herren vil føra saka for deiog røva livet frå røvarane.

24. Ver ikkje ven med den hissige,slå ikkje lag med den bråsinte,

25. så du ikkje lærer deg hans vegarog set ei snare for ditt liv.

26. Ver ikkje blant dei som gjev sitt handslagog stiller kausjon for gjeld.

27. Om du ikkje har noko å betala med,tek dei endåtil senga du ligg på.

28. Flytt ikkje gamle grensesteinarsom fedrane dine har reist.

29. Ser du ein mann som er dugande i sitt arbeid?Han kan ta teneste hos kongarog skal ikkje tena hos småkårsfolk.