Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 12:26-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Alle desse levde samtidig med Jojakim, son til Josva, son til Josadak, og samtidig med statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.

27. Då muren omkring Jerusalem skulle innviast, bad dei levittane frå alle stader koma til Jerusalem for å feira vigsla med glede og takk, med song og symbalar, harper og lyrer.

28. Songarane samla seg. Dei kom frå områda rundt Jerusalem og frå landsbyane til Netofa-slekta,

29. frå Bet-Haggilgal og frå markene ved Geba og Asmavet. For songarane hadde bygd seg landsbyar rundt Jerusalem.

30. Prestane og levittane reinsa seg sjølve, så reinsa dei folket, portane og muren.

31. Eg lét leiarane i Juda stiga opp på muren og stilte så opp to store takkekor. Det eine gjekk til høgre på muren mot Møkkporten.

32. Etter dei følgde Hosjaja og halvparten av leiarane i Juda,

33. og Asarja, Esra, Mesjullam,

34. Juda, Benjamin, Sjemaja og Jeremia,

35. og nokre av prestane med trompetar. Det var Sakarja, son til Jonatan, son til Sjemaja, son til Mattanja, son til Mikaja, son til Sakkur, son til Asaf,

36. og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Maai, Netanel, Juda og Hanani, med musikkinstrumenta til David, Guds mann, og Esra, den skriftlærde, som gjekk føre dei.

37. Dei gjekk over til Kjeldeporten og opp trappene til Davidsbyen, til trappa der muren går opp til Davids hus, og fram til Vassporten i aust.

38. Det andre takkekoret gjekk motsett veg, og eg følgde etter saman med halvparten av folket oppe på muren, forbi Omnstårnet og heilt til Den breie muren,

39. forbi Efraim-porten, Gamleporten, Fiskeporten, Hananel-tårnet og Hundretårnet, til Saueporten. Dei stansa ved Vaktporten.

40. Begge takkekora vart ståande ved Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av stormennene med meg,

41. vidare prestane Eljakim, Maaseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetar,

Les hele kapitlet Nehemja 12