Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 12:20-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Kallai for Sallai, Eber for Amok,

21. Hasjabja for Hilkia og Netanel for Jedaja.

22. I Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas dagar vart leiarane for levittfamiliane og prestefamiliane oppskrivne, heilt til persaren Dareios si regjeringstid.

23. Leiarane for levittfamiliane vart oppskrivne i krønikeboka heilt til dagane til Johanan, son til Eljasjib.

24. Leiarane for levittane var Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel. Brørne deira stod midt imot dei, vakt etter vakt. Dei lovprisa og takka, slik David, Guds mann hadde gjeve bod om.

25. Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub var portvakter. Dei heldt vakt over lagerromma ved portane.

26. Alle desse levde samtidig med Jojakim, son til Josva, son til Josadak, og samtidig med statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.

27. Då muren omkring Jerusalem skulle innviast, bad dei levittane frå alle stader koma til Jerusalem for å feira vigsla med glede og takk, med song og symbalar, harper og lyrer.

28. Songarane samla seg. Dei kom frå områda rundt Jerusalem og frå landsbyane til Netofa-slekta,

29. frå Bet-Haggilgal og frå markene ved Geba og Asmavet. For songarane hadde bygd seg landsbyar rundt Jerusalem.

30. Prestane og levittane reinsa seg sjølve, så reinsa dei folket, portane og muren.

31. Eg lét leiarane i Juda stiga opp på muren og stilte så opp to store takkekor. Det eine gjekk til høgre på muren mot Møkkporten.

32. Etter dei følgde Hosjaja og halvparten av leiarane i Juda,

33. og Asarja, Esra, Mesjullam,

Les hele kapitlet Nehemja 12