Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 3:3-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Han skal sitja og smelta og reinsa sølvet.Han skal reinsa levittane,lutra dei som gull og sølv,så dei kan bera fram for Herrenoffer på rett vis.

4. Då skal offera frå Juda og Jerusalemvera til glede for Herrensom i gamle dagar, i tidlege år.

5. Eg kjem til dykk og held dom.Eg skundar meg å vera vitnemot dei som driv med trolldom,mot dei som bryt ekteskapet,mot dei som sver falskt,mot dei som held att løna for dagarbeidaren,mot dei som undertrykkjer enkjer og farlauseog avviser innflyttaren,og som ikkje fryktar meg,seier Herren over hærskarane.

6. Eg, Herren, har ikkje forandra meg,og de, Jakobs søner, har ikkje gått til grunne.

Les hele kapitlet Malaki 3