Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 21:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Leiarane for kvar familie blant levittane kom til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i dei andre israelittiske stammane

2. og tala til dei i Sjilo i Kanaan. Dei sa: «Herren har gjennom Moses sagt at vi skulle få byar å bu i, med beitemarker omkring for feet vårt.»

3. Då gav israelittane av sin eigedom desse byane til levittane, med beitemarker omkring, slik Herren hadde sagt:

4. Først fall loddet på Kehat-slektene. Ved loddkasting fekk etterkomarane blant levittane etter presten Aron tretten byar frå stammane til Juda, Simon og Benjamin.

5. Dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting ti byar frå slektene i stammane til Efraim og Dan og halvparten av stammen til Manasse.

6. Etterkomarane av Gersjon fekk ved loddkasting tretten byar frå slektene i stammane til Jissakar, Asjer og Naftali og frå den halvparten av stammen til Manasse som budde i Basan.

7. Etterkomarane av Merari, slekt for slekt, fekk tolv byar frå stammane til Ruben, Gad og Sebulon.

8. Desse byane med beitemarker gav israelittane til levittane ved loddkasting, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.

9. Dei byane som no skal nemnast, er byane som vart gjevne frå stammane til Juda og Simon.

10. Dei vart gjevne til aronittane, som høyrde til Kehats slekt og stamma frå Levi, for loddet fall først på dei.

11. Dei fekk Kirjat-Arba, det er Hebron i fjellandet til Juda, med beitemarker som høyrde til. Arba var stamfar til anakittane.

12. Men åkerjorda og landsbyane som høyrde byen til, gav dei Kaleb, son til Jefunne, som hans eigedom.

13. Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker,

Les hele kapitlet Josva 21