Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Levittbyane

1. Leiarane for kvar familie blant levittane kom til presten Elasar, til Josva, son til Nun, og til leiarane for familiane i dei andre israelittiske stammane

2. og tala til dei i Sjilo i Kanaan. Dei sa: «Herren har gjennom Moses sagt at vi skulle få byar å bu i, med beitemarker omkring for feet vårt.»

3. Då gav israelittane av sin eigedom desse byane til levittane, med beitemarker omkring, slik Herren hadde sagt:

4. Først fall loddet på Kehat-slektene. Ved loddkasting fekk etterkomarane blant levittane etter presten Aron tretten byar frå stammane til Juda, Simon og Benjamin.

5. Dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting ti byar frå slektene i stammane til Efraim og Dan og halvparten av stammen til Manasse.

6. Etterkomarane av Gersjon fekk ved loddkasting tretten byar frå slektene i stammane til Jissakar, Asjer og Naftali og frå den halvparten av stammen til Manasse som budde i Basan.

7. Etterkomarane av Merari, slekt for slekt, fekk tolv byar frå stammane til Ruben, Gad og Sebulon.

8. Desse byane med beitemarker gav israelittane til levittane ved loddkasting, slik Herren hadde sagt gjennom Moses.

9. Dei byane som no skal nemnast, er byane som vart gjevne frå stammane til Juda og Simon.

10. Dei vart gjevne til aronittane, som høyrde til Kehats slekt og stamma frå Levi, for loddet fall først på dei.

11. Dei fekk Kirjat-Arba, det er Hebron i fjellandet til Juda, med beitemarker som høyrde til. Arba var stamfar til anakittane.

12. Men åkerjorda og landsbyane som høyrde byen til, gav dei Kaleb, son til Jefunne, som hans eigedom.

13. Etterkomarane av Aron, prestane, fekk desse byane: Hebron, fribyen for drapsmenn, med beitemarker, og Libna med beitemarker,

14. Jattir og Esjtemoa med beitemarker,

15. Holon og Debir med beitemarker,

16. Ajin, Jutta og Bet-Sjemesj med beitemarker, i alt ni byar frå desse to stammane.

17. Frå Benjamin-stammen fekk dei Gibeon og Geba med beitemarker,

18. Anatot og Almon med beitemarker, i alt fire byar.

19. Til saman fekk etterkomarane av Aron, prestane, tretten byar med beitemarkene som høyrde til.

20. Levittane frå dei andre Kehat-slektene fekk ved loddkasting byar frå Efraim-stammen.

21. Dei fekk Sikem i fjellandet til Efraim, som var friby for drapsmenn, med beitemarker som høyrde til, og Geser med beitemarker,

22. Kibsajim og Bet-Horon med beitemarker, i alt fire byar.

23. Frå Dan-stammen fekk dei Elteke og Gibbeton med beitemarker,

24. Ajjalon og Gat-Rimmon med beitemarker, i alt fire byar.

25. Frå halvparten av stammen til Manasse fekk dei Taanak og Jibleam med beitemarker, i alt to byar.

26. Til saman fekk etterkomarane av Kehat ti byar med beitemarker som høyrde til.

27. Dei levittslektene som stamma frå Gersjon, fekk frå halvparten av stammen til Manasse Golan i Basan, som var friby for drapsmenn, og Beesjtera, to byar med beitemarker.

28. Frå Jissakar-stammen fekk dei Kisjon og Daberat med beitemarker,

29. Jarmut og En-Gannim med beitemarker, i alt fire byar.

30. Frå Asjer-stammen fekk dei Misjal og Abdon med beitemarker,

31. Helkat og Rehob med beitemarker, i alt fire byar.

32. Frå Naftali-stammen fekk dei Kedesj i Galilea, som var friby for drapsmenn, og Hammat-Dor og Kartan med beitemarker, altså tre byar.

33. I alt fekk etterkomarane av Gersjon tretten byar med beitemarker omkring.

34. Resten av levittane, som stamma frå Merari, fekk desse byane: frå Sebulon-stammen Jokneam og Karta med beitemarker,

35. Dimna og Nahalal med beitemarker, i alt fire byar;

36. frå Ruben-stammen Beser og Jahsa med beitemarker,

37. Kedemot og Mefaat med beitemarker, i alt fire byar;

38. frå Gad-stammen Ramot i Gilead, som var friby for drapsmenn, med beitemarker, og Mahanajim med beitemarker,

39. Hesjbon og Jaser med beitemarker, i alt fire byar.

40. I alt fekk slektene til Merari, som utgjorde resten av levittane, tolv byar ved loddkasting.

41. Alle levittbyane låg innanfor eigedomen til israelittane, i alt førtiåtte byar med beitemarker.

42. Kvar av desse byane hadde beitemarker som høyrde til. Slik var det med dei alle.

43. Slik gav Herren Israel heile det landet som han med eid hadde lova å gje fedrane deira. Dei tok landet i eige og busette seg der.

44. Herren lét dei finna kvile og ha fred på alle kantar, slik han hadde lova fedrane. Ingen fiende kunne stå seg mot dei, for Herren gav alle fiendar i deira hender.

45. Alle lovnader som Herren gav til Israels hus, vart oppfylte. Alt gjekk slik til som han hadde lova.