Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 41:11-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Røyk kjem frå naseborenesom frå ei kokande gryte over brennande siv.

12. Pusten hans set kol i brann,ein flamme står ut or gapet.

13. Styrke har han i nakken.Redsle hoppar framfor han.

14. Kjøtvalkane er faste,dei sit som støypte, dissar ikkje.

15. Hjartet hans er fast som stein,fast som den nedste kvernsteinen.

16. Når han reiser seg, grøssar gudane,dei er lamma av redsle.

17. Om sverdet treffer, bit det ikkje på han,og heller ikkje kastevåpen, spyd eller pil.

18. Han aktar jern som var det stråog bronse som morkna tre.

19. Inga pil frå bogen kan jaga han.Stein frå slyngja er som halmstrå mot han.

20. Som halmstrå reknar han også klubba,og han ler mot susande sablar.

21. Under er han som kvasse potteskar,han set spor som ein treskjeslede i gjørme.

22. Han set djupet i kok som ei gryte,lèt havet bobla som salve i gryta.

23. Bak han ligg lyset som ein stig,som om havdjupet hadde fått sølvhår.

24. Ingen på jorda er som han,skapt heilt utan frykt.

25. Han set blikket i alt som er høgt,han er konge over alle stolte rovdyr.

Les hele kapitlet Job 41