Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 33:5-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Svar meg om du kan!Stå opp og legg fram di sak!

6. Sjå, for Gud er vi like,også eg er forma av leire.

7. Redsle for meg skal ikkje skremma deg,handa mi skal ikkje tyngja deg.

8. Du sa så eg høyrde det– klåre stod orda for meg:

9. «Eg er rein og utan synd,plettfri er eg, fri for skuld.

10. Men Gud har klagemål mot megog held meg for sin fiende.

11. Han set føtene mine i blokkaog vaktar på alle mine stigar.»

12. Eg svarar: «Der har du ikkje rett!For Gud er større enn menneske.»

13. Kvifor klagar du hanfor ikkje å svara på menneskeord?

14. Gud talar éin gong, så éin gong til,men folk merkar det ikkje.

15. I ein draum, eit syn om natta,når folk har falle i djup søvneller slumrar i senga,

16. opnar han øyra deiraog forseglar dei med formaning,

17. for at menneske skal halda opp med det dei gjer,og mannens hovmod bli borte.

18. Gud vil redda han frå å gå i grav,berga livet hans frå sverdet.

19. Mannen blir tukta med smerter på sitt leie,med ein stadig kamp i knoklane.

20. Mat byd han imot,han orkar ikkje lekre retter.

21. Kjøtet tærest bort så ein ikkje ser det.Knoklane, som ein før ikkje såg, ligg berre.

Les hele kapitlet Job 33