Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 33:1-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Men høyr på det eg seier, Job,lytt til orda mine.

2. Sjå, eg opnar gapet,tunga talar i munnen.

3. Eg talar av eit ærleg hjarte,leppene snakkar klårt om det eg veit.

4. Ånda frå Gud har laga meg,pusten frå Den veldige gjev meg liv.

5. Svar meg om du kan!Stå opp og legg fram di sak!

6. Sjå, for Gud er vi like,også eg er forma av leire.

7. Redsle for meg skal ikkje skremma deg,handa mi skal ikkje tyngja deg.

8. Du sa så eg høyrde det– klåre stod orda for meg:

9. «Eg er rein og utan synd,plettfri er eg, fri for skuld.

10. Men Gud har klagemål mot megog held meg for sin fiende.

11. Han set føtene mine i blokkaog vaktar på alle mine stigar.»

12. Eg svarar: «Der har du ikkje rett!For Gud er større enn menneske.»

13. Kvifor klagar du hanfor ikkje å svara på menneskeord?

14. Gud talar éin gong, så éin gong til,men folk merkar det ikkje.

15. I ein draum, eit syn om natta,når folk har falle i djup søvneller slumrar i senga,

16. opnar han øyra deiraog forseglar dei med formaning,

17. for at menneske skal halda opp med det dei gjer,og mannens hovmod bli borte.

18. Gud vil redda han frå å gå i grav,berga livet hans frå sverdet.

Les hele kapitlet Job 33