Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 26:4-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Kven lærte deg å tala?Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?

5. Daudingane skjelv,vatnet der nede og dei som bur der.

6. Nake ligg dødsriket for Gud,avgrunnen er utan dekke.

7. Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,hengt jorda opp over ingenting.

8. Han bind vatnet i skyene,men skylaget rivnar ikkje.

9. Han løyner trona si,breier skyer rundt henne.

10. Rundt havet dreg han ei grense;himmelranda skil lys frå mørker.

11. Himmelsøylene vaklar,skremde av hans trugsmål.

Les hele kapitlet Job 26