Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 26:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, du er god hjelp for ein maktlaus mann,ein reddande arm for den kraftlause!

3. Kor du gjev råd til den som manglar visdom,for ei innsikt du gjev han!

4. Kven lærte deg å tala?Kven kjem han frå, den pusten som går ut frå deg?

5. Daudingane skjelv,vatnet der nede og dei som bur der.

6. Nake ligg dødsriket for Gud,avgrunnen er utan dekke.

7. Han har breidd nordhimmelen ut over aude rommet,hengt jorda opp over ingenting.

Les hele kapitlet Job 26