Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 21:19-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Sparer Gud straffa til borna?Han gjev att så det kjennest,

20. lèt den skuldige sjå undergangen sin med eigne augeog drikka Den veldiges vreide.

21. For kva bryr vel han seg om etterslektanår hans tid er ute?

22. Men kven kan læra Gud,han som dømmer dei høgste?

23. Den eine døyr i si velmakt,heilt igjennom sorglaus og roleg,

24. med bytter fulle av mjølk,knoklar med saftig merg.

25. Den andre døyr med bittert sinnog har aldri smaka det gode.

26. Begge må liggja i støvet,dekte av makk.

27. Eg kjenner tankane dykkar,planane de pønskar ut mot meg.

28. For de spør: «Kvar er stormannens hus?Kvar er vel teltet der dei lovlause budde?»

29. Har de ikkje spurt dei vegfarande?Har de ikkje forstått det dei varslar?

30. For på ulukkedagen blir den vonde spart,på vreidedagen blir han berga.

31. Kven stiller han til ansvar for hans livsferd,kven krev han for det han har gjort?

32. Nei, han blir boren til grava,og ved gravkammeret held dei vakt.

33. Han kviler mjukt i molda i dalen.Alle vil følgja etter,og ei tallaus mengd har gått føre.

34. Korleis kan de trøysta meg med tom trøystog svara meg med svik?

Les hele kapitlet Job 21