Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 21:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Høyr etter det eg seier,lat det vera trøysta de gjev.

3. Ber over med meg medan eg talar;når eg har tala, kan de spotta.

4. Klagar eg over mennesket?Har eg ikkje då grunn til å vera utolmodig?

5. Sjå på meg! Bli forskrekka!Hald dykk for munnen!

6. Når eg tenkjer tilbake, blir eg skremdog skjelv over heile kroppen.

7. Kvifor får dei urettferdige leva,bli gamle og rike?

8. Borna er trygge hos dei,dei ser etterkomarar veksa opp.

9. Huset har fred frå redsler.Gud bruker ikkje stokken på dei.

10. Oksen si paring slår ikkje feil,og kua kalvar i rett tid.

11. Dei slepper gutungar ut som sauer,borna dansar i glede.

12. Dei syng til tromme og lyreog jublar til fløytetonar.

13. Dei nyt sine dagar i lukkeog går til dødsriket utan smerte.

Les hele kapitlet Job 21