Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 11:7-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Kan vel du måla Gud,kan du kjenna Den veldiges grenser?

8. Høgare enn himmelen – kva kan du gjera?Djupare enn dødsriket – kva veit vel du?

9. Lengre enn jorda,breiare enn havet.

10. Om han dreg fram, sperrar inne og kallar saman,kven kan hindra han?

11. Han kjenner løgnarane.Kan han vel sjå urett utan å leggja merke til det?

12. Kan ein tomskalle få forstand?Kan eit villesel fødast som menneske?

Les hele kapitlet Job 11