Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 5:15-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Og mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra,dei stolte må slå auga ned.

16. Men Herren over hærskaraneer opphøgd i dommen,den heilage Gudviser seg heilag ved rettferd.

17. Lam skal beita som i ei utmark,og i rikfolks ruinar skal geiter eta.

18. Ve dei som dreg skulda etter segmed tau av løgnog sleper på synd som med vognreip

19. og seier:«No må han skunda segå få gjort det han skal,så vi får sjå det!No må planen til Israels Heilagesnart gå i oppfylling,så vi kan kjenna det!»

20. Ve dei som kallar det vonde godtog det gode vondt,dei som gjer mørker til lys og lys til mørker,bittert til søtt og søtt til bittert!

21. Ve dei som er vise i eigne augeog kloke i eigne tankar!

22. Ve dei som er heltar til å drikka vinog djerve karar til å blanda sterk drikk,

23. som frikjenner den skuldige for pengarog tek retten frå den rettferdige!

24. Difor, slik eld fortærer halmog høy søkk saman i flammane,skal rota deira rotna bort,blomen deira stiga opp som støv.For dei har forkasta lovatil Herren over hærskaraneog forakta ordet frå Israels Heilage.

Les hele kapitlet Jesaja 5