Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 2:5-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Kom, Jakobs hus,lat oss vandra i Herrens lys!

6. Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.For der er det fullt av spådomarog av teikntydarar, som hos filistrane,overalt er det framande.

7. Landet er fullt av sølv og gull,overalt er det skattkammer.Landet er fullt av hestar,overalt er det vogner.

8. Landet er fullt av avgudar,folk tilbed noko dei sjølve har lagamed sine eigne hender og fingrar.

9. Mennesket er bøygd,kvar mann er fornedra.Tilgjev dei ikkje!

10. Gå inn i fjellet, gøym deg i jordafor redsla som Herren vekkjer,for hans stordom og velde!

11. Den stolte må slå auga ned,hovmodet hos menn skal bøyast. Herren åleine er opphøgd den dagen.

Les hele kapitlet Jesaja 2