Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 2:12-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. For det kjem ein dag frå Herren over hærskaranedå alt som er hovmodig og høgt,alt som kneisar,skal fornedrast,

13. alle sedrar på Libanon,så høge og kneisande dei er,alle eiker i Basan,

14. alle høge fjell,alle kneisande høgder,

15. alle opphøgde tårnog alle festningsmurar,

16. alle Tarsis-skipog alle herlege skuter.

17. Då blir det stolte mennesket bøygdog hovmodet hos menn fornedra. Herren åleine er opphøgd den dagen.

18. Med avgudane er det slutt for alltid.

Les hele kapitlet Jesaja 2