Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jesaja 2:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ordet som Jesaja, son til Amos, såg om Juda og Jerusalem:

2. I dei siste dagar skal det skjeat Herrens tempelberg skal stå urokkelegsom det høgaste av fjellaog raga over høgdene.Dit skal alle folkeslag strøyma.

3. Mange folk skal dra av stad og seia:«Kom, lat oss gå opp til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegarog vi kan ferdast på hans stigar.For lov skal gå ut frå Sion, Herrens ord frå Jerusalem.»

4. Han skal dømma mellom folkeslagog skifta rett for mange folk.Dei skal smi sverda om til plogskjerog spyda til vingardsknivar.Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk,ikkje lenger lærast opp til krig.

5. Kom, Jakobs hus,lat oss vandra i Herrens lys!

6. Du har forkasta folket ditt, Jakobs hus.For der er det fullt av spådomarog av teikntydarar, som hos filistrane,overalt er det framande.

7. Landet er fullt av sølv og gull,overalt er det skattkammer.Landet er fullt av hestar,overalt er det vogner.

Les hele kapitlet Jesaja 2