Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 4:9-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Den dagen, seier Herren,skal kongen og leiarane mista alt mot.Prestane blir slegne av skrekk,profetane blir mållause av redsle.

10. Eg sa: Å, min Herre og Gud!Sanneleg, du sviktadette folket og Jerusalemdå du sa: «De skal ha fred.»No rører sverdet ved strupen.

11. På den tida skal det seiasttil dette folket og til Jerusalem:Vind som brenn av hete,kjem frå snaue høgder i ørkenenmot folket, mi dotter.Han er ikkje til å kasta og reinsa korn i,

12. ein sterkare vind kjem til meg.No vil eg òg seia dom over dei.

13. Sjå, som skyer dreg han fram,som stormen er vognene hans,hestane er raskare enn ørnar.Ve oss, for vi blir øydelagde!

14. Reins hjartet ditt for vondskap, Jerusalem,så skal du bli frelst.Kor lenge skal du la vonde tankarfå bu i ditt indre?

15. For ei røyst kjem med bod frå Dan,forkynner ulukke frå Efraim-fjella.

16. Sei frå til folkeslaga: Der er dei!Lat det høyrast over Jerusalem!Fiendar kjem frå fjerne land,ropet deira lyder over byane i Juda.

17. Som vakter på åkeren kringset dei henne,for ho har sett seg opp mot meg,seier Herren.

18. Din veg og dine gjerningarhar ført dette over deg.Slik er din vondskap,han er bitter,og han råkar deg i hjartet.

19. Å, kroppen min, kroppen min!Eg vrid meg i smerte.Veggene i hjartet mitt!Hjartet mitt skrik, eg kan ikkje teia.Eg høyrer lyden av horn og hærrop.

Les hele kapitlet Jeremia 4