Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 4:20-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Det blir ropa om samanbrot på samanbrot,heile landet er øydelagt.Brått blir telta mine øydelagde,teltdukane på ein augneblink.

21. Kor lenge skal eg sjå banneretog høyra lyden av horn?

22. Ja, folket mitt er dårar,dei kjenner meg ikkje.Dei er tåpelege born utan innsikt.Dei er flinke til å gjera vondt,men kan ikkje gjera godt.

23. Eg såg jorda, og sjå! – ho var aud og tom,mot himmelen – lyset var borte.

24. Eg såg fjella, og sjå! – dei skalv,alle haugane riste.

25. Eg såg, og sjå! – ikkje eit menneske,alle fuglane under himmelen var flogne.

26. Eg såg, og sjå! – fruktbart land hadde vorte til ørken,alle byar var nedrivneav Herren, av hans brennande vreide.

27. Så seier Herren:Heile landet skal leggjast audt,men eg skal ikkje gjera ende på det.

28. Jorda sørgjer over dette,og himmelen mørknar over henne.For eg har tala og lagt min plan,eg angrar ikkje og tek han ikkje tilbake.

29. Heile byen flyktarfor ståket av ryttarar og bogeskyttarar.Dei går inn i krattskogenog klatrar opp på knausane.Kvar by er forlaten,det er ingen som bur i dei.

30. Du som er øydelagd, kva vil du gjera?Om du kler deg i skarlak,om du pyntar deg med gullsmykke,om du gjer auga store med sminke,gjer du deg vakker til fånyttes.Dei som lengta etter deg, har forkasta deg,no står dei deg etter livet.

31. Eg høyrer rop som frå ei kvinne med rier,eit skrik som når ho føder for første gong.Det er ropet frå dotter Sion,ho gispar etter luftog strekkjer hendene ut:«Ve meg,eg fell om framfor mordarar!»

Les hele kapitlet Jeremia 4