Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 27:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Om eit folkeslag eller kongerike ikkje vil tena kong Nebukadnesar av Babel og ikkje vil bøya nakken under åket til kongen av Babel, så skal eg straffa det folket med sverd og svolt og pest, seier Herren, heilt til eg får gjort ende på dei ved hans hand.

9. De skal ikkje høyra på profetane, spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene dykkar når dei seier: «De skal ikkje bli slavar for kongen av Babel.»

10. Dei profeterer løgn for å få dykk vekk frå dykkar eiga jord. Eg skal driva dykk bort, og de skal gå til grunne.

11. Men det folkeslaget som bøyer nakken under åket til kongen av Babel og tener han, det lèt eg vera i ro på si eiga jord, seier Herren, dei skal få dyrka henne og bu der.

12. Til Juda-kongen Sidkia sa eg det same: Bøy nakken under åket til kongen av Babel og ten han og folket hans, så skal de få leva.

13. Kvifor vil du og folket ditt døy for sverd og svolt og pest, det Herren har truga kvart folkeslag med som ikkje vil tena kongen av Babel?

14. Høyr ikkje på profetane som seier til dykk: «De kjem ikkje til å bli slavar for kongen av Babel.» For dei profeterer løgn for dykk.

15. Og eg har ikkje sendt dei, seier Herren. Dei profeterer løgn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og de skal gå til grunne saman med profetane som profeterer for dykk.

16. Til prestane og heile dette folket sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei profeterer for dykk og seier: «Sjå, utstyret frå Herrens hus skal no snart førast tilbake frå Babel.» For dei profeterer løgn.

17. Høyr ikkje på dei, ten kongen av Babel, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen bli til ruin?

18. Men om dei no er profetar, om Herrens ord er hos dei, så lat dei be inderleg til Herren over hærskarane om at det utstyret som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og i Jerusalem, ikkje må koma til Babel.

19. For så seier Herren over hærskarane om søylene, bronsehavet, vognstativa og dei andre tinga som er att i denne byen,

20. og som kong Nebukadnesar av Babel ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, i eksil frå Jerusalem til Babel saman med alle stormennene i Juda og Jerusalem,

21. for så seier Herren over hærskarane, Israels Gud, om dei tinga som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og i Jerusalem:

Les hele kapitlet Jeremia 27