Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 15:2-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Og når dei seier til deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren:Den som tilhøyrer døden, til død,den som tilhøyrer sverdet, til sverd,den som tilhøyrer svolten, til svolt,den som tilhøyrer fangenskapet, til fangenskap.

3. Eg sender mot dei fire slags straffedommar, seier Herren: sverd til å drepa, hundar til å slepa bort, fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øydeleggja.

4. Eg gjer dei til ei redsle for alle rike på jorda på grunn av det som Juda-kongen Manasse, Hiskias son, har gjort i Jerusalem.

5. For kven har medkjensle med deg, Jerusalem,kven tykkjer synd i deg?Kven stansar og spør korleis du har det?

6. Du støytte meg frå deg, seier Herren,og snudde ryggen til.Så strekte eg handa utfor å gjera ende på deg,eg var trøytt av å ha medynk.

7. Eg spreidde dei med kasteskovli byane i landet.Eg gjorde folket mitt barnlaustog lét det gå til grunne;det vende ikkje om frå vegane sine.

8. Eg gjorde enkjene meir talrike enn havsens sand.Mot dei som var mødrer til unge menn,sende eg ein som herja midt på lyse dagen.Brått lét eg redsle og skrekkfalla over dei.

9. Sjølv ho som fødde sju born, har visna.Livsanden har gått ut av henne,sola hennar har gått nedmedan det endå var dag.Ho vart til spott og skam.Resten av folketgjev eg til sverdetframfor fiendane deira,seier Herren.

Les hele kapitlet Jeremia 15