Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 14:6-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanon

7. og breia greinene sine utover.Han skal vera fager som oliventreetog anga som skogen på Libanon.

8. Igjen skal dei bu i hans skugge,dei skal dyrka kornog bløma som vinstokken.Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.

9. Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?Det er eg som svarar han og ser til han.Eg er som ein grøn sypress,frå meg skal frukta di koma.

10. Kven er så vis at han forstår dette,forstandig nok til å skjøna det?Ja, Herrens vegar er rette,dei rettferdige vandrar på dei,men syndarane snublar.

Les hele kapitlet Hosea 14