Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 6:9-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Berre éi er mi due, mi fullkomne,den einaste for mor si,elska av henne som fødde henne.Døtrene ser henne og prisar henne sæl,dronningar og følgjekoner hyllar henne.

10. Kven er ho som strålar lik morgonròden,vakker som månen, klår som sola,farleg som ein hær under banner?

11. Eg gjekk ned til nøttehagen,ville sjå kor det grønkast i dalen,om vinstokken hadde sett nye skot,om granataplane blømde.

12. Eg kjende ikkje meg sjølv,det var som stod egpå mitt folks vogner som hovding.

13. Snu deg, snu deg, du jente frå Sjulam!Snu deg, snu deg, så vi får sjå deg!Kvifor vil de sjå på jenta frå Sjulamder ho dansar mellom rekkjene?

Les hele kapitlet Høgsongen 6