Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 2:4-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Inn i vinhuset har han ført meg,hans merke over meg er kjærleik.

5. Styrk meg med rosinkaker,kveik meg med eple!For eg er sjuk av kjærleik.

6. Venstre armen hans er under hovudet mitt,med den høgre held han rundt meg.

7. Eg bed dykk, de Jerusalems døtrer,ved gasellane eller ved hindene i marka:Uroa ikkje kjærleiken!Vekk han ikkje før han sjølv vil!

8. Høyr, det er kjærasten,der kjem han,springande over fjell,hoppande over haug.

9. Kjærasten liknar ein gasell,ein ung hjort.Der står han bak muren vår.Han gløtter inn gjennom vindauga,kikkar inn gjennom gitteret.

Les hele kapitlet Høgsongen 2