Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Høgsongen 1:6-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Sjå ikkje på at eg er så svart,at sola har brent meg.Sønene til mor mi var harde mot meg,dei sette meg til å vakta vinmarkene.Mi eiga vinmark har eg ikkje vakta.

7. Sei meg, du som eg elskar, kvar gjeter du?Kvar kviler du ved middagstid?Kvifor skulle eg gå som ei kvinne med slørder venene dine gjeter sauene?

8. Om du ikkje veit det,du vakraste av kvinner,følg spora etter flokkenog gjet kjea dineinnmed gjetarhyttene!

9. Eg vil likna deg med ei hoppemellom faraos vogner, mi kjære.

10. Fine er kinna dine mellom perlesnorene,halsen din med kjede rundt.

11. Snorer av gull skal vi laga deg,med sølvperler på.

12. Når kongen er hos meg,angar nardussalven min.

13. Kjærasten min er ein myrrakvist,han overnattar mellom brysta mine.

Les hele kapitlet Høgsongen 1