Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 2:57-64 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

57. Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami.

58. Tempeltenarane og etterkomarane av Salomos tenarar var i alt 392.

59. Dette er dei som drog tilbake frå Tel-Melah, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:

60. etterkomarar av Delaja, Tobia og Nekoda 652,

61. og etterkomarar av prestane av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn.

62. Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.

63. Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.

64. Heile forsamlinga var i alt 42 360.

Les hele kapitlet Esra 2