Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 2 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Dei som vende heim frå Babel

1. Dette er mennene frå provinsen Juda som drog opp frå fangenskapet i eksil. Babel-kongen Nebukadnesar hadde ført dei i eksil til Babel, men no vende dei heim til Jerusalem og Juda, kvar til sin by.

2. Dei kom saman med Serubabel, Josva, Nehemja, Seraja, Reelaja, Mordekai, Bilsjan, Mispar, Bigvai, Rehum og Baana.Dette er talet på mennene frå Israelsfolket:

3. etterkomarar av Parosj 2172,

4. av Sjefatja 372,

5. av Arah 775,

6. av Pahat-Moab, altså av Josva og Joab, 2812,

7. av Elam 1254,

8. av Sattu 945,

9. av Sakkai 760,

10. av Bani 642,

11. av Bebai 623,

12. av Asgad 1222,

13. av Adonikam 666,

14. av Bigvai 2056,

15. av Adin 454,

16. av Ater, altså av Hiskia, 98,

17. av Besai 323,

18. av Jora 112,

19. av Hasjum 223,

20. av Gibbar 95.

21. Menn frå Betlehem 123,

22. frå Netofa 56,

23. frå Anatot 128,

24. frå Bet-Asmavet 42,

25. frå Kirjat-Jearim, Kefira og Beerot 743,

26. frå Rama og Geba 621,

27. frå Mikmas 122,

28. frå Betel og Ai 223,

29. frå Nebo 52.

30. Etterkomarar av Magbisj 156,

31. av den andre Elam 1254,

32. av Harim 320.

33. Menn frå Lod, Hadid og Ono 725,

34. frå Jeriko 345.

35. Etterkomarar av Senaa 3630.

36. Prestane: etterkomarar av Jedaja, frå Josvas hus, 973,

37. av Immer 1052,

38. av Pasjhur 1247,

39. av Harim 1017.

40. Levittane: etterkomarar av Josva og Kadmiel, altså av Hodavja, 74.

41. Songarane: etterkomarar av Asaf 128.

42. Portvaktene: etterkomarar av Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai, 139 i alt.

43. Tempeltenarane: etterkomarar av Siha, Hasufa, Tabbaot,

44. Keros, Siaha, Padon,

45. Lebana, Hagaba, Akkub,

46. Hagab, Sjalmai, Hanan,

47. Giddel, Gahar, Reaja,

48. Resin, Nekoda, Gassam,

49. Ussa, Paseah, Besai,

50. Asna, me'unittane og nefusittane,

51. Bakbuk, Hakufa, Harhur,

52. Baslut, Mehida, Harsja,

53. Barkos, Sisera, Tamah,

54. Nesiah og Hatifa.

55. Etterkomarane av Salomos tenarar: av Sotai, Hassoferet, Peruda,

56. Jaala, Darkon, Giddel,

57. Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Ami.

58. Tempeltenarane og etterkomarane av Salomos tenarar var i alt 392.

59. Dette er dei som drog tilbake frå Tel-Melah, Tel-Harsja, Kerub, Addan og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:

60. etterkomarar av Delaja, Tobia og Nekoda 652,

61. og etterkomarar av prestane av Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og teke deira namn.

62. Dei leita etter slektsregistra sine, men fann dei ikkje. Difor vart dei rekna for uverdige til prestetenesta.

63. Statthaldaren forbaud dei å eta av det høgheilage til det stod fram ein prest med urim og tummim.

64. Heile forsamlinga var i alt 42 360.

65. I tillegg kom dei 7337 mannlege og kvinnelege slavane, dessutan 200 mannlege og kvinnelege songarar.

66. Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,

67. 435 kamelar og 6720 esel.

68. Då dei kom til Herrens hus i Jerusalem, bar nokre av leiarane for familiane fram frivillige gåver til Guds hus, så det kunne reisast der det før hadde stått.

69. Alt etter som dei hadde råd, gav dei til arbeidskassa: 61 000 gulldrakmar, 5000 sølvminer og 100 prestedrakter.

70. Prestane og levittane busette seg i sine eigne byar saman med nokre av folket, songarane, portvaktene og tempeltenarane, og heile Israel busette seg i sine byar.